torsdag 29. april 2010

Chengdu - Kina

Lurar fælt på korleis eg skal starte å skrive på dette men no er eg
i gong.
Godt å vere attende det er ikkje mykje som har endra seg på eig år
sjølv om alt går rivande fort her i landet.

Harfått alle tinga mine, hadde kun handbagasje då eg kom hit.
Sykkelen reiste via Hong Kong og eg via Peking. Helsinki som rota det
til. Ut på flyplassen i dag og i lett jogg med skjema gjekk det på
ein halvtime, + køyring(huffoghuff)
Men dagen starta med eit besøk i Panda Parken. Var der i fjor og
måtte attende i år! Rare krabatar som åt kjøtt for lenge sidan,
men gjekk over til næringsfattig plantekost. Dei må ete opptil 40 kg
bambus i døgnet. Kan vel seiast dei har eit fiberrikt kosthald. Og
det er triveleg å traske rundt med dei Kinesiske turistane, som er i
stort fleirtall.

Sykkelen er montert og justert, har handla kjeks og vatn.
i morgon legg eg i veg på den fyrste etappen på 8-9 mil. Jess...
Så kvelden blir feira med pizza og Tsingtao.

Blogger, Facebook og Twitter er stengt av staten Kina. Får sjå om
får eg laste opp nokre bilder seinare.

Ps: dette blogga via mobil.

søndag 11. april 2010

Nytt ratt på traktoren.

Testar og om det går greit å blogge via epost. Reiser til Kina neste
veke, og dei har for vane å stenge bloggar i ny og ne..

laurdag 27. mars 2010

Inspirasjon

Her er inspirasjonskjelda mi for langtur på sykkel.
Janne Corax sykla jamt i ein 10 årsperiode. Litt jobb og mykje tur. Han er og ein av dei kjente syklistane som har farta mest omkring i Tibet og Kina.

http://www3.utsidan.se/corax/

søndag 21. mars 2010

Storefonni

Fredags natta og Laurdag gjekk det 4 skred, og dette som eg tilfeldigvis filma var det siste og det største. Fekk filma berre litt av skredgongen. Tippar skreda "gjekk" i 4-5 min... Kvaliteten på dette opptaket er ikkje det beste men lell. (Filma med videofunksjonen på eit speilreflekskamera)


torsdag 11. mars 2010

På ski i Kina

Og vi som meinar at vi Nordmenn var dei fyrste på ski i verden. Dei var tidleg ute andre stadar i verda og.

fredag 13. november 2009

Været eller ikkje være.

Alle snakker om været, og ingen gjer noko med det?

http://www.yr.no/nyheter/1.6862896

"If man get half his wishes, he doubles his troubles" -er eit stor understatement.

måndag 19. oktober 2009

Dårleg is ja....



Her plumpa Jostein nedi.

Eg hadde i før fått lagt kameraet i tilbake veska so for eg igjennom. Det var ikkje lett å komme seg opp att.
Hadde med skistavar til å trekke meg innpå isen, men den brotna etterkvart. Tilslutt fekk Jostein trekt meg inn på tryggare is med eit tau.

Kaldt.

Skeiseis.

Fine forhold men enno tynn is. Isen er porøs og står ein lenge på same stad så siv det vatn opp igjennom isen.
Når ein går så bølgar isen.
Ein bør vente nokre dagar enno før det kan reknast som nokolunde trygt.



Ps: medan eg skreiv dette gjekk Jostein igjennom isen...