fredag 21. september 2007

Laxman Juhla - Rishikesh


So er turen paa hell, berre ei veke att for eg flyg heim, og syklinga er over for denne turen.

Hadde ei flott veke oppe i fjellheimen, sjolv om Himalaya er stort sett motbakkar og nedover. Sjolv om det gar nedover er det sjeldan ein kjem over 25 km/t, grunna smale og humpete vegar.



Turen gjekk opp til Kedarnath som er ein av dei storste turist/Yatra maala i India vart det sagt. Og yepp det stemmer. Har sjeldan sett storre turistmaskin. Det er 14 km a ga og ca 1500 hogdemeter opp til 3500. Heile vegen opp var det laga sementert veg med trapper, og heile vegen var det tehus og kafear som selde mat og drikke av ymse art. Logistikken var det ingenting a seie pa. a ga var gratis, esel/hest 4-500 irps( Dei har same problemet her som i Briksdalen...), bli boren opp i ei slags korg av 4 mann 2800 irps t/r, eller helikopter 7500 irps.
Mellom 4-5 millionar besoker Kedarnath kvart ar!
Sjolve byen er flott og ligg omkransa av hogge fjell med brear :-), vart ein dag ekstra her oppe...

So buss attende til Laxman J som er ein turistby - backpacker stad. Her oppe som eg bur er det stort sett hotell, internettkafear, yogakurs, bokhandel kaffi/kaker, det meste som ein treng for aa kunne slappe av. Ein liten ghetto for turistar som vi "skjerme" seg fraa India i kortare eller lengre periodar.

No fer eg vidare, orkar ikkje a vere pa slike stadar for lenge. Tippar det blir ein tur til Ranikhet og slappe av der nokre dagar med utsikt til fjella, buss og tog til Delhi

fredag 14. september 2007

Srinagar - Garhwal

So er eg paa sykkel att. Har ikkje sykla paa 14 dager so det er godt a vere pa tur att. Har sykla inn fraa Rishikesh og skal heilt opp til Kedarnath, oppe om ein 5-6 dagar. Dette er ein av dei store pilgrimsamaala/turiststadane i India og som utlendingar er vi heilt klart i mindretal.
Hittil har det vore slik passe aa sykle....Svaert heitt og med masse trafikk. Lang dag i gaar i steikande sol, so det verker baade i bein og vilje i dag :-) Har att 8 km i dag viss eg orkar , Srikot heiter det vel.

Etter Srinagar - Kashmir vart det nokre dagar i Delhi som var ganske faelt pa denne tida av aaret. Da eg kom ut av flyet var det som aa sta i ein badestove med 4 haarfonarar rett i fjeset.
Ellers har eg vor pa biltur til Gangotri med Ram( Som eg kjenner fraa for, fraa Rishikesh). Smale vegar og flott natur gjore det til ein opplevelse. Gangotri var ein bitteliten plass mellom hoge fjell. I botnen var dalen berre eit lite steinkast breid. Pa veg himatt skulle berre ram ta ein liten svipptur bortom eit fint gammalt tempel som han viste om. sa ikkje noko om att det vart 180 km ekstra pa darlege vegar.... so det vart ein lang tur heim. Og tempelet var flott.

Gaarsdagens hogdepunkt: Poteter til midag:-)

Srinagar - Garhwal