onsdag 19. mai 2010

Att og fram.





2. kviledag her i by'n og no er det på tide å få lag nokre kilometer bak meg. Men godt med roleg start...

Berre eit par dagar på sykkel sidan sist oppdatering, ikkje so mykje har skjedd. Men eg har kryssa "Den Gule flod", som eigentleg var grønn som ein breelv, og var heller ikkje store elva. Virka meir som ein oppdemt liten innsjø. Eg forlet og det Buddistiske og Tibetanarane.Sykla inn i ein Muslimsk del med Moskear rundt omkring, menn med kvit blonde hatt og damene med eit symbolsk slør/sjal. Ansiktstrekka var frå alle hjørner av Kina. Desse er etterkommarar av ekteskap mellom Arabiske handelsmenn og Kinesarar i eldre tider og blitt ei eige folkegruppe, Hui. Dei praktiserar islam og kan ofte lese og skrive Arabisk.
Litt lenger aust for der eg sykla er det eit Tyrkisk folkeslag, som snakkar ein gammal Tyrkisk dialekt. Eg veit ikkje om eg passerte dette området men eg såg fleire karar med bart som berre mangla skinnjakken.

Og til mi store overrasking så møtte eg fyrste nordmannen som sykla verden rundt, Jan Terje Voilaas. Han driv ein hjelpeorganisasjon her i Kina. Etablert her nede og driv godt. Og han tek sikkert i mot ein donasjon!
http://childrenofshambala.org/

Er litt spent på korleis det ser ut framover no med mat, vatn og husrom. Til lenger vest ein kjem i Kina til mindre folk blir det og meir ørken og villmark. Snakka med 2 sveitsarar på tandem og og dei fortalde att det kunne vere langt mellom byane. Ben fortalde att det kunne vere noko karrigt og grimmt. Det berre å sykle sjølv å sjå korleis det blir.

********

Så er eg attende Xining.

1 dag nordover i plaskeregn. Ikkje noko speielt å sjå. Byrja å bli kald mot slutten og sludda. Visste det var att ei dryg mil so det var å gje gass og late som ingenting. Å fryse er ein mental ting er det mange som meinar.... Kom fram til Tunan i bra form trudde eg, men då eg skulle ta av hjelmen so hadde eg så kalde hender att eg klarte ikkje å opne spenna under haka... Utan kraft. So eg vart skyssa inn på bakrommet i ein liten buttikk av ein gråhåra dame og plassert framføre omnen med eit tekrus i eine handa og sukkra brød i den andre. Eg drakk og åt etter beste evne, med det rulla klassisk kinesisk song på fjernsynet i hjørnet.

Eg takka for meg og rusla over til gjestehuset som var fullt. Vertinna viste dette med å rive opp døra til alle rom utan å banke på. Jau det var folk på alle rom....
Nokre andre gjester fekk overtalt vertinna så eg fekk ligge på eit slags fellesrom. Fekk endeleg av meg hjelmen. På med ulltrøye og dunjakke. Bytte til tørt og under eit stoppedekke med varmelaken på fullt.
Rusla til slutt over til ein kafe og fekk meg ei nudelsuppe til kvelds.

Dagen etterpå var det 18 km og 900 m til toppen. Dette gjekk greit og eg sykla dei siste 200 hm med 20cm snødekke ved sida av vegen. Flott og varmt! Tunnel og ut på andre sida og inn i evetyrland! Snøkledde høge fjell på alle sider. Og eit digert sletteland med landsbyar og vegar på, som å sykle inn i ein film. Vel 2 mil med nedoverbakke frista og eg var nede i Qingshizui tidleg på ettermidagen. Sykla vidare men snudde og tenke her vil eg overnatte.
Sykla dit alle peika då eg spurte etter hotell og enda opp på eit merkeleg stad. Då eg skulle til å sjekke inn kom ei politifyr og såg på passet mitt. Mykje fomling med pass og ringing på mobil. Fekk att passet etter 20 min med gransking av dette og dei spurte kva land eg kom frå.
Etter att dei på ganske høg og tydeleg kinesisk ikkje fekk kontakt med meg så vart det henta tolk. Eg fortalte att eg var turist og kvar eg skulle. Ho fortalde att eg måtte ha permit/løyve for å ferdast her. Og att eg var på hotellet til Politiet..... Så eg måtte bu ein anna stad. Greit sa eg. Kontra; nei eg måtte reise vidare med ein gong. Ok sa eg og la i veg. Så kom politigutta etter i bil og tok passet mitt og forsvant. Så det var berre å vente i vegkrysset til dei dukka opp att. Fekk att passet og fekk beskjed om å returnere til Xining, no! Dei var blitt komisk myndige på dei 15 min dei var vekke. Og det var berre å sette seg på sykkelen og sykle ut av byen medan ein diger politi SUV følgde 15 m bak meg til bygrensa. DÅ kjendest det som om eg var i ein film.

Fekk haik med fyrste bil attende hit til Xining.
Har ordna litt på sykkelen og slappa av eit par dagar. Lurte på å ta buss forbi, men vil heller sykle rundt. Så i morgon tidleg syklar eg vidare vestover mot den sørlege Silkevegen. Tek ei veke lenger men pytt. Vegen er målet.

Og i går kveld møtte eg 2 norske turistar, noko eg sjelden gjer. Men ikkje nok med det men familien hadde hytte i Luster og dei bruka å feriere der. Og i haust hadde dei gått på Nigardsbreen,verden er ikkje so stor.

Helsing
Arve

Ps: blogga frå iPhone, beklagar hvis det er lite med avsnitt.



Location:夏都大街,Xining,Kina

laurdag 15. mai 2010

Tongren

Kvile dag i dag att . Tek det ikkje so hardt no i starten s[ det blir ikkje meir enn 1-2 dagar p[ sykel mellom kvar kviledag Greit nok for mange av dagane kan bli lange med d]rlege vegar. Td i g[r sat eg 8,5 timar p[ sykkelen og stoppa tilsaman 1 time og d[ blir det godt med kviledagar innimellom.  Var berre vel 10 mil og 1000 hogdemeter men vegane gjorde sitt. N[r eg kjem ned i l[glandet att s[ reknar eg med att  farten aukar og dagane blir kortare.
Men sjolv om dagen i g[r var lang so var den beste p[ lenge.Over pass og ned p[ grassletter med sm[ landsbyar, og opp p[ neste pass. nysn[ i vegkanten. S[ vakkert som det kan bli. Br[tt ned i p[ andre sida og meir orkenlandskap og hus av stampa jord.Store raude sandsteinsklipper. Vatningskanalar og irrgronne terrasser med planter og tre. Og det lukta gront! Og smilade folk i vegkanten med god tid som smilar og vinkar til ein sveitt og st[vete syklist som fer forbi.

Men heile vegen sidan Songpan har vore flott. Hogsletter og nomadar p[ moped eller hest. Uendlege mengder med Yak fe. Svaere Tibetanske hundar som st]r i vegkanten og bjeffar, og som heldgivis st[r i kjettting. Puh!  Hog himmel, store sletter, fjell med sno p[i horisonten.

Det eg vil hugse ei stund var ein Tibetansk begravels som eg var p[ i Langmusi. Tibetanarane har sin eigen versjon av dette. Sidan dei forlet dette livet og g[r vidare til neste liv slepp dei sjela fri fr[ kroppen. Hinduane i India brenn er folk p[ b[let. I Tibet er det gribb og orn som f]r jobben. Prestar og munkar delar opp kroppen med kniv og oks og gribbane gjer resten.
Brutalt ja, men ikkje s] avstoytande som frykta. Men litt utriveleg for alle, og Tibetanarane

Vegen g]r vidare mot Xining i morgon, og rekan med [ vere der om 2-3 dagar. Skal prove [ laste opp bilder ved hove.

Folg link fr[ tidlegare blogpost for [ sj[ bilder


onsdag 5. mai 2010

Enno i Songpan..

F[r ikkje tilgong til bloggen min direkte s[ det skjer via e-post. S] eg f[r svare her.

Takkar for helsingar! Fint etter nokre trasige siste dagar.

No g[r vegen fyrst til Langmusi og vidare mot Xinian tippar eg.

Skulle har vore p[ veg no men m[ ta ut pengar.
Minibakane i Chengdu oppdaterte programvare d[ eg var der.
Og her i Songpan er dei tomme for pengar. Dei sit med mange mill i svaere kassar bak skranken, men dei har ikkje fyllt automaten enno.

Kanskje eg syklar p[ ettermidagen eller blir her ein dag til.

arve

tysdag 4. mai 2010

Songpan

So er eg nesten komen til fjells. Siste dagane har vore opp fr[ l[glandet og innover p[ diverse vegar. Omr[det eg har sykla i er det mest r[ka i jordskjelvet i 2008 her i Sichuan, og det meste vart oydelagt den gong. Alle vegar rasa ut eller det gjekk store jorskred over. No er det muleg [ komme seg greit fram men vegen er som( og er) ein vegarbeidsomr[de, samanhengande 200 km. Det blir flott ny veg, men no er det sorgeleg med stov eller gjorme(alt etter vaer) og trafikkorkar. Tungt [ sykle.

Med ein gong eg kom inn i fjella s[ var det spor etter jorskjelvet. Store jorskred fr[ fjellsidene. Desse var storre og storre innover og til slutt var det samahengande skred p[ begge sider av dalen, og i sidedalar. S]g heilt forferdelg ut, som om fjella blodde.
Det var og s[ trongt tronge dalar att det var skummelt nok i seg sjolvt. Vidare kom vi til ein by som var episentret i jorskjelvet og her var alt under oppbyggging. Heile byen vart bygd fr[ grunnen.
Og midt opp i dette s[ budde dei som skulle flytte inn i brakker. Planla [ overnatte her men kjende meg litt malplasert av [ sporre etter hotell her i denne byen. Hotellet l[g knust midt i byen..
S] eg sykla vidare og etter ei stund i regnet s[ fekk eg meg eit rom som eg overnatta.Etter ein laang dag. God seng med varmelaken vertinna i huset hadde sett p[ "god gjennomsteikt' gjorde att eg sovna i 7 tida p[ kvelden. Vakna heldigvis midt p[ natta og fekk sl[tt av uvesenet.
Ikkje so mykje ] sei om turen oppover, eit dalfore som var breidare og gronnare, nybygging og optimisme.

Kviledag her i Songpan. mat og turist.

http://www.flickr.com/photos/arvet/sets/72157623811206069/

Klikk p[ "Slide Show" eller ein knapp som liknar p[ ein lysbildeskjerm for [ f[ store bilder.

Blogg via epost