onsdag 24. desember 2008

GOD JUL OG EIT GODT NYTT AAR!!!

Fra Arve paa tur.



Er no komen godt p[ veg opp gjennom Thailand. Har f[tt sykla i fr[ meg den verste uroa. N[r ein veit ein skal langt so gjeld det [ komme lengst muleg fortast muleg... Har no sykla 1250 km av 8300km. Hadde ein dryg dag i g[r, var ikkje planlagt men der eg skulle overnattE var det litt for mykje "banjo-land". Sumpomr[de ved kysten. Alle hundar gjoydde kun p[ meg, og dei fleste koyrde pick-up med store hjul. Ellers var det ganske lugubert, Rottene store som skisko.Det mangla berre ein skjegle thai med banjo p[ verandaen. So eg tok ein kjapp titt i guideboka og fann ut att neste by hadde god kaffi. So det vart 65 km og ein punktering for eg kom fram til Nakhon Si Thammarat. Nitrist [ sykle langs ein slik veg vesle julafta men br[tt var inne i ei diger julegate, Og barnekor som song julesongar, julenissar som delte ut godterier :-)! So det var juleandakt og meir kor, og til slutt tenning av julegrana. Ganske so rar slutt p[ ein ganske rar dag.

Opp siste biten av Malaysia gjekk p[ rein rutine. Den vanlege travinga langs plantasjar og palmar. Siste bit til grensa hadde nokre trivelege motbakkar og sm[ fjell. Vidare til Sodma. Neste dag til Songkla p[ motor veg og 4 punktering viss eg hugsar rett. Songkla var ein trivelg by med lite turistar. Terroristar brukar [ kaste litt bomber omkring seg her, fortalte ein oljearbeider eg motte p[ ein pizzastad. Eller gjekk det i lonningar offshore som vanleg. Og kva ymse pengane vart brukt p[. Ja-ja.

Dagen idag skal eg slappe av og drikke god kaffi og finne ut kva eg skal gjere vidare oppover. Det er ein del oyar [ besoke men eg f[r sj[.

fredag 19. desember 2008

Paulo Penang - Gorgetown

Fra Arve paa tur.


Har hatt eit par kviledagar og det har vore litt godt ja. Deler av kropen treng kvile og det er ikkje beina det er snakk om. Turen opp fraa Melaka har blitt betre og betre. Alle desse uendelege plantasjane maa vike plass for jungel og sletteland. Stoppar litt i kvar by men det blir ikkje alltid so mykje tid eller vilje til aa gjere alle turist tinga. Det er jo litt begrensa kor mange Victoria's klokketaarn ein orkar aa sjaa. Eller byggningar fraa kolonitida?
Det er som gjer det triveleg aa reise er dei rare mota med mennsker langs vegen eller paa ein kafe.Td risbonden som eg motte langs vegen og snakka med ei lita stund. Han hadde fiske som deltids jobb, og fanga desse i elvar og kanalar inne i jungelen. Eller hotell resepsjonisten som hadde blitt rana litt for ofte og hadde fatt installert eit gigantisk jerngitter(rustfritt staal) foran inngangsdora. Slik att kvar gong noko skulle inn eller ut so var det fram med ein diger nokkel og opne. Men han var triveleg som faa. Om morgonen daa eg skulle reise fekk eg s[t kaffi og steinharde kjeks :-)!
Her i Penang har eg sjekka over sykkel og slappa av og slova litt. Chinatown er ein back-packer turistgetto. Masse god mat og kafear. Har vore paa Penang Hill i dag, med eit gammalt "alpetog" OK men litt for mykje stress paa ein kviledag. I morgon fer eg nordover og er vel inne i Thailand om 3 dagar.

Viss det vil sjaa bilder so klikk paa linken Arve paa Tur

torsdag 11. desember 2008

Christ Church


Christ Church, originally uploaded by Arve Tvedt.

So no er eg komen til Malaka p[ vsetkysten av Maylaysia som ein gammal handelsby som b[de Indiske prinsar,Portugisarar, Hollendarar og Britar har slegest om. Dette var knutepunktet for handel med krydder og anna mellom Kina og Europa. Turen ut av Singapore starta med kraftig regn og gjekk over til kraftig trafikk i staden for. Men eg kom no fram til Pontian Keticil i eit stykke. Puh... Vidare har sykla p[ Rv 5 langs kysten. D[nn flatt men str[lande solskinn og 35 grader er slitsomt. Startar tidleg for [ vere ferdig tidlegast mogeleg p[ dagen. Har hatt ein kviledag i Malaka og det er godt. Var ikkje nett i toppfrom d[ eg starta turen. Dette er ein av dei st[rste turist plassane i Malaysia. Og det tydeleg. Nesten som Singapore.
Bye er verdt eit bes[k viss ein er i Malaysia.

søndag 7. desember 2008

Singapore


Raffels, originally uploaded by Arve Tvedt.

Er for tida p[ tur i Asia og har vore nokre dagar i Singapore. Greit for ein aveksling men det ikkje byen ein er lenge i. Viss ein har svaert god r[d kanskje. Dette er ei diger turistmaskin der atraksjonen er shopping. Og alt til nesten Norske prisar. Supermarked og resturantar overalt, og ikkje so mykje anna. Men det er triveleg [ vere her nokre dagar og slove litt. Til Malaysia i morgon p[ sykkel.