måndag 24. desember 2007

GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR :-)!

Skal feire Jul og nyttår her ute på Ekofisk.... Ja-ja ikkje so mykje å gjere med det eg har jo sa ja til å jobbe her.
Kanskje litt for mykje å håpe på ei kvit jul her ute. Juletreet er kome opp i dagrommet og det står ein loslitt nissfigur i messa.
Og so blir det vel julemidag i kveld, med dessert. Og kanskje ein boks alkoholfri øl, sjoklolade og peanøtter. Ja-ja litt jul blir det lell.

Er mest spent på om det blir fyrverkeri her nyttårsafta. Er ikkje sikker på om dei torer det...
Men det beste hadde vore om vi hadde fått ein nyttårsstorm eler to.

julehelsing
arve

onsdag 12. desember 2007

"Indian Roadsigns"

Indiske skilt langs vegen er legedariske :-) Sjå bilder og de forstår kvifor...


BRO er Border Road Organitation, og Himank er det sam som Mesta eller noko slikt.

"Indian Roadsign"

tysdag 11. desember 2007

Ski i dag att osv...

Frå bakken under "hytta på mannen".



Mannen på ski er Roger, hvis ikkje alle kan sjå det.

Vanndalen

laurdag 17. november 2007

torsdag 18. oktober 2007

RIGGEKURS

Er i Bergen på riggekurs. Kurset går ut på å lære å bygge "midlertidig løfteredskap" for heising av div utstyr. Sette saman med rette komponentar og beregne rett løfteevene.... ja-ja.
Dette er inne i ein hall på Laksevåg men er bygd som ei oljeplattform. Så dei jobbane vi gjer er ikkje ulike dei vi gjer ute i sjøen.
Lærerikt kurs.





Riggekurs

laurdag 13. oktober 2007

fredag 21. september 2007

Laxman Juhla - Rishikesh


So er turen paa hell, berre ei veke att for eg flyg heim, og syklinga er over for denne turen.

Hadde ei flott veke oppe i fjellheimen, sjolv om Himalaya er stort sett motbakkar og nedover. Sjolv om det gar nedover er det sjeldan ein kjem over 25 km/t, grunna smale og humpete vegar.



Turen gjekk opp til Kedarnath som er ein av dei storste turist/Yatra maala i India vart det sagt. Og yepp det stemmer. Har sjeldan sett storre turistmaskin. Det er 14 km a ga og ca 1500 hogdemeter opp til 3500. Heile vegen opp var det laga sementert veg med trapper, og heile vegen var det tehus og kafear som selde mat og drikke av ymse art. Logistikken var det ingenting a seie pa. a ga var gratis, esel/hest 4-500 irps( Dei har same problemet her som i Briksdalen...), bli boren opp i ei slags korg av 4 mann 2800 irps t/r, eller helikopter 7500 irps.
Mellom 4-5 millionar besoker Kedarnath kvart ar!
Sjolve byen er flott og ligg omkransa av hogge fjell med brear :-), vart ein dag ekstra her oppe...

So buss attende til Laxman J som er ein turistby - backpacker stad. Her oppe som eg bur er det stort sett hotell, internettkafear, yogakurs, bokhandel kaffi/kaker, det meste som ein treng for aa kunne slappe av. Ein liten ghetto for turistar som vi "skjerme" seg fraa India i kortare eller lengre periodar.

No fer eg vidare, orkar ikkje a vere pa slike stadar for lenge. Tippar det blir ein tur til Ranikhet og slappe av der nokre dagar med utsikt til fjella, buss og tog til Delhi

fredag 14. september 2007

Srinagar - Garhwal

So er eg paa sykkel att. Har ikkje sykla paa 14 dager so det er godt a vere pa tur att. Har sykla inn fraa Rishikesh og skal heilt opp til Kedarnath, oppe om ein 5-6 dagar. Dette er ein av dei store pilgrimsamaala/turiststadane i India og som utlendingar er vi heilt klart i mindretal.
Hittil har det vore slik passe aa sykle....Svaert heitt og med masse trafikk. Lang dag i gaar i steikande sol, so det verker baade i bein og vilje i dag :-) Har att 8 km i dag viss eg orkar , Srikot heiter det vel.

Etter Srinagar - Kashmir vart det nokre dagar i Delhi som var ganske faelt pa denne tida av aaret. Da eg kom ut av flyet var det som aa sta i ein badestove med 4 haarfonarar rett i fjeset.
Ellers har eg vor pa biltur til Gangotri med Ram( Som eg kjenner fraa for, fraa Rishikesh). Smale vegar og flott natur gjore det til ein opplevelse. Gangotri var ein bitteliten plass mellom hoge fjell. I botnen var dalen berre eit lite steinkast breid. Pa veg himatt skulle berre ram ta ein liten svipptur bortom eit fint gammalt tempel som han viste om. sa ikkje noko om att det vart 180 km ekstra pa darlege vegar.... so det vart ein lang tur heim. Og tempelet var flott.

Gaarsdagens hogdepunkt: Poteter til midag:-)

Srinagar - Garhwal




fredag 31. august 2007

Bilder Manali - Leh

Har lagt ut biler fra sjolve sykkelturen. Farge og slikt er litt blasst grunna at eg ikkje kan gjere noko med bileta. Kun laste rett fra kamera.

Eller har vi hatt nok ein roleg dag her i Srinagar. Gjekk ein tur pa byen og kikka pa Moskeer og folkelivet. Triveleg by og folk er glade for a sja turistar att og kjem ofte over for a handhelse og sla av ein prat. Ettermidagen vart brukt til a lese og legge ut bilder. So no er det attende til baten for midag.

Manali - Leh

torsdag 30. august 2007

Bilder

Har lagt nokre bilder, det kjem vel fleire om ikkje lenge.

Eller er et ikkje direkte stressande dagar her pa

Delhi - Manali

onsdag 29. august 2007

Srinagar

Vel.
Vi kasta inn handkleet og tok taxi til Srinagar. Litt surt for det hadde vore fantastisk a kunne sykle denne vegen.
Landskapet skifta fraa Ladakh til Kasmir. Fraa mjuke linjer og orken til djupe dalar med stadig gronare fjellsider. Og i det vi kryssa inn i Kasmir so koyrdi vi melllom fjell kjeder som ikkje ein gong Chamonix kan by pa. Vegen ned att var ikkje for dei lettskremte. Ikkje ofte eg er redd nar eg sit pa med andre... det var godt a vere nede i dalen att. Vegen var delvis sprengt ut av svaert laust fjell og lagt pa fylling av noko som likna mest pa ei blanding av aske og grus.

Fantastisk flott vidare nedover dalen vi koyrde mellom trekledde liar, rismarker og frodig jordbruksland. Ei sterk kontrast til Ladakh sitt karrige landskap, det det berre var gront ved elvane og vatningskanalar.

Vi enda opp pa Husbat "New Columbo" som planlagt. Og det det var godt a vere attende. Godt a mote kjennsfolk og slappe av og sove i mjuke senger. Og ikkje minst sleppe a ete ris og dhal til midag!

Dagen i dag blir brukt til sloveing og slikt.

Skal prove a laste opp litt bilder nar eg orkar.

I mellomtida kan det sja bilder fraa i vinter.

Kashmir Januar 07


Linken skal virke no.

måndag 27. august 2007

Kargil

Vel....
Darleg start ut fra Leh. Nicholas vart sjuk for 2. gong pa turen og denne gongen KRAFTIG.
Han klarte a sykle vidare , men var ikkje noko saerleg pigg for a sei det slik.
Det var ikkje muleg a sykle vidare neste dag so vi haika med ein lastebil til Kargil, der vi har kviledag. Men det var ein opplevelse det og. Vi slengte syklane pa taket av ein tankbil og avgarde bar det. Turen tok 8 timar pa berre 17 mil... Seier noko om kvalitenen pa vegebana.

Men det er godt med ein kvildag att, sjolv om det ikkje er so mykje aa gjere her. Ein transitby for folk og turistar. Byen ligg rett opp til grensa til Pakistan og ligg innfor rekkevidda til Pakistanske kanoner. Og i 97 skaut dei inn i byen og drepte 18.
Sikker derfor folk ikkje er vane med aa sja turistar....


Ja det er flott her men vi gledar oss til aa komme over pa sorsida av fjella og inn i monsun-omradet. Skal bli kjekt aa sja grone fjellsider att.

fredag 24. august 2007

Leh

Ja so er vi endeleg framme :-D!
Kom til Leh den 22. om kvelden i eit kaos av bilar, sand og vind. Pa det vaerste so kunne eg berre sja styret pa sykkelen. Litt skremmande aa ikkje faa puste skikkeleg, faa sand in i nase og munn paa inpust...
Men inn til byen kom vil til slutt. Og etter 40 min leiting fann Nicholas eit hotell, medan eg passa syklar og baggasje.
Vi var i Leh for 4 aar sidan, i november. Aa komme hit midt i sesongen er eit stort sjokk. Sist var det max 10 turistar i byen, no er det sikkert 1000. Vi kjenner ikkje att gatene.
Men likvel er Leh eit Caravanserai her oppe i fjellheimen. Landskapet er ugjestmildt og goldt, orken.
Men inne i byen er det vatningskanalar overalt, og byen er full av smaa hagar planta med tre og busker so det gjev ly for bade vind og sol. Sma gater kransar av tre og busker, folk har godt tid. Masser av gode kafear og krimskrans butikkar.
Ellers har turistane ein hog snittalder her 35+ tippar eg. Ikkje denne sedvanlege gjengen som kler seg som sine foreldre/besteforeldre da dei ferdast i disse trakter.

Turen fra Kelong gjekk eter alle matar bra sjolv om det var litt tungt til tider. Turen fraa Keylong var glimrande! Sand er sand og stein er stein, men likevel var landskapet svaert skiftande. Sand og klipper forma av vaer og vind, trange gjel, hoge fjell med brear. Men kanskje var det fargane og teksturane i lanskapet som imponerte meg mest, eit enormt fargespekter innan brunt, raudt og oransje.

Vi sykla over 4 pass, hogste 5300. Lengste dag var 75 km og 2 pass total 1200 hogdemeter max hogd 5000. DET var ein lang og tung dag i steikande solskin.

Fra Keylong sykla vi og saman med eit Ungarsk par; Olga og ....var det Patronsj han heitte?
Ja-ja det var hyggeleg med selskap i allefall. Dei var rutinerte tursyklistar so eg kjennte meg som ein skikkeleg amator, noko som var heilt greit. Sleppe a meine noko om syklar...

Hogdepunkt paa turen; Tso Kar, ein salt innsjo midt inne i fjella. Blatt vatn omkransa av fjell med brear.

Lagpunkt; Pang. Ein plass vi overnatta. Ei groft pa fjellet med ein kloakk i midten(elv) budde i eit skittent telt. Do i friluft bak teltet( viss ein fann ein ubrukt plett...).

I morgon syklar vi vidare til Srinagar etter 2 dagars pause her i byen for a ete oss opp pa kaker.( Ikkje det at vi treng det... :-)

Ruta blir; Alch-Lamayuru-Kargil-Dras-Sonnamarg-Srinagar.

Far ikke lov a laste op bilder, grunna darlege linjer.

Japp det er trykkleifar her, viss eg provar a rette forsvinn teksten..



Helsing
Arve

tysdag 14. august 2007

Keylong

No har vi kviledag her i Keylong og godt er det. Har vore hektisk sidan eg kom til India.
Turen opp til Manali tok berre 11 timar noko som var meir enne nok. I Manali stoppa vi berre over natta slik at vi fekk sett saman syklane att og sove ei natt. Og vi sette avgarde ein dag f/r planen. Turen opp til Rothang La var ein brutal start, vi hadde 5 km med lett stigning og so var det rett opp til 4000 m ( fraa 2000). Vegen opp var daarlegare enn venta men stor stein og gjormpolar i vegen som vi matte vasse i gjennom. Eg sykla med SPD for fyrste gongen og klarte aa velte midt ute i ein slik p/l. Eg slo meg heldigvis ikkje for det var 30 cm djupt, og eg vart ikkje saerleg blaut for det va ein ein heiagjeng pa 50 turistar som heia paa meg... Ja-ja...
Paa vegen opp overnatta vi i Marci i eit faelt rom. Lite s/vn. Trafikk heile natta og rommet var fullt av rotter som kravla omkring. Hoyrde dei tasla omkring ved sidan av meg i senga. Men ein orkar ikkje bytte rom midt paa natta i regnvaer.

Neste morgon bar det viare opp til toppen av passet( Etter at eg hadde klart aa tygge ut ein plombering under frukosten) Vegen opp var ganske lettsykla av denn enkle grunn at TATA lastebilar skal kunne kome opp med med tung last. So det saag kort ut men det var langt aa sykle. Passet var ikkje noko saerleg. Fullt av i ndiske turistar i Mollspiste pelsar og turistsjapper. Rideturar for dei som ville det, sirkus.

Ned paa andre sida var det 22 km for 600 hogdemeter med "annlegsveg". Lang og kjedeleg nedkoyring. 1,5 time med bremsing...

Vi overnatta i Sissu og sykla vidare til Keylong her vi er no. Og alt no faaar vi ein forsmak av Ladakh. Lite vegetasjon og meir "fjellete" . Mindre India og meir Tibet.

Var og ein tur til tannlegen her i byen. Hadde STORE sommarfuglar magen daa eg reiste til byen sjukehus. Maate vente ein time for eg slapp til.
Dora inn til tannlegen var ikkje stengt, berre eit skjembrett framfore stolen, so det sag skummelt ut og det gjekk ein kar rundt der inne som hadde passa betre paa eit gatekjokken. Han haandterte alt utstyren som om han steikte hamburgarar.

Mne du eg slapp inn bak forhenge so viste tannlegen seg aa vere ein svaert so mild og snill kar. (Skulle onske vi hadde slike Heime) Han kunn desverre ikkje gjere noko med tanna, berre runde kantane. Som sagt so gjort. Ikkje gjorde det vondt, berre litt uvante omgivelsar.

I morgon syklar vi vidar til Leh, og vi er framme om ei vekes tid.

Viss de vil sjaa ruta kan det laste ned Google Earth link her:

http://snipr.com/1p6a7-dda1rl

torsdag 9. august 2007

Delhi...

Litt rart aa vere attende her i byen, ikkje so lenge sidan eg var sist gong. Varme og regn + mengder av eksos gjer att vi reiser opp til Manali so for vi berre kan. Nicholas kjem i kveld og eg moter paa flyplassen med bil og so reiser vi rett til Manali. 15 timar med bil.... Ser ikkje fram til det men eg overlever nok dette og.

laurdag 4. august 2007

Paramo

Mange lurar på kvar det går an å få kjøp Paramo jakkar og bukser. Her er adresser til Ok butikkar på nett:

http://www.jackson-sports.com/

http://www.cndoscotland.com/paramo/

Paramo sine eigne sider:

http://www.paramo.co.uk/

Andre som lagar plagg i same stoff, og du kan få plagga sydde etter mål.

http://www.cioch-direct.co.uk/


.

fredag 3. august 2007

"Drifting"









Var i Irland no i vår og vart dregen med på bilstemmne, billøp er vel å ta litt hardt i. I Drifting er det ikkje farten som er viktigast men å sladde mest muleg elegant på ei asfaltbane. So stilpoeng er viktig her. Dei 10 fyste bilane var moro å sjå men etter kvart var det ganske einsformig. Bilane som blir brukt er for det meste Nissan Skyline frå 80 talet med div modifikasjonar. 4-600 hestekrefter, kit som gjer at ein får meir utslag på styringa, og hydraulisk handbrekk.. Dette var Irsk PRO Series, Litt kjedleg men regnet får vel ta litt av skulda for det

Ny blogg

Har flytta over hit. Lettare å handtere enn den andre som berre kunne brukast via Mac'n. Skal og ut på tur snart og då har eg jo noko å skrive om. Kanskje kjem eg til å oppdatere noko oftare enn før....