onsdag 23. januar 2008

Piclens

Dette er ein glimrande plugin til nettlesaren. Verkar ikkje på alle webstader men det blir vel fleire etterkvart - sjå info på webstad.

Denne dingsen hentar alle bildene på ei webside og lagar lysbildeframsyning, ikkje ulikt ei "flash framsyning"

Sjå; http://www.piclens.com/

Verkar best på Firefox

På ski i går.

Endå fleire skibilete...

På ski i går

måndag 21. januar 2008

Morgon..

Flott å stå opp til måneskin og nesten klar himmel. Her eit bilde frå i 7 tida i dag.




søndag 20. januar 2008

"Patrol Skiing"

Nokre bilder seriar frå ski i dag. Fin snø og bil(Patrol) til å køyre oss opp i Vanndalen gjorde sitt til att dette vart ein fin måte å bruke ein søndag på.



"Patrol Skiing"

torsdag 10. januar 2008

Godt å vere på land att.

Godt å vere ein ein del av den verkelege verden att :-) No har eg snart snudd døgnet att etter 2 veker på nattskift.
Fint å jobbe på natt, stille og roleg, og ein slepp samsoving, dvs sove på same lugar som andre. Ulempa er at det går 2-3 dagar kvar gong ein skal snu døgnet.

Her kjem fleire bilder frå landevegen i India...


"Indian Roadsigns"

måndag 24. desember 2007

GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR :-)!

Skal feire Jul og nyttår her ute på Ekofisk.... Ja-ja ikkje so mykje å gjere med det eg har jo sa ja til å jobbe her.
Kanskje litt for mykje å håpe på ei kvit jul her ute. Juletreet er kome opp i dagrommet og det står ein loslitt nissfigur i messa.
Og so blir det vel julemidag i kveld, med dessert. Og kanskje ein boks alkoholfri øl, sjoklolade og peanøtter. Ja-ja litt jul blir det lell.

Er mest spent på om det blir fyrverkeri her nyttårsafta. Er ikkje sikker på om dei torer det...
Men det beste hadde vore om vi hadde fått ein nyttårsstorm eler to.

julehelsing
arve