fredag 13. november 2009

Været eller ikkje være.

Alle snakker om været, og ingen gjer noko med det?

http://www.yr.no/nyheter/1.6862896

"If man get half his wishes, he doubles his troubles" -er eit stor understatement.

måndag 19. oktober 2009

Dårleg is ja....



Her plumpa Jostein nedi.

Eg hadde i før fått lagt kameraet i tilbake veska so for eg igjennom. Det var ikkje lett å komme seg opp att.
Hadde med skistavar til å trekke meg innpå isen, men den brotna etterkvart. Tilslutt fekk Jostein trekt meg inn på tryggare is med eit tau.

Kaldt.

Skeiseis.

Fine forhold men enno tynn is. Isen er porøs og står ein lenge på same stad så siv det vatn opp igjennom isen.
Når ein går så bølgar isen.
Ein bør vente nokre dagar enno før det kan reknast som nokolunde trygt.



Ps: medan eg skreiv dette gjekk Jostein igjennom isen...

søndag 18. oktober 2009

Holet i isen på breavatnet.


, originally uploaded by Arve Tvedt.

tysdag 29. september 2009

På jobb i Tyskland.

Er for tida på jobb på eit vingenerator prosjekt i Norddeich, på grensa til Holland. Dette er eit prøve prosjektet der det bli bygd 6 generatorar av 2 firma. For å teste ut kven som har beste løysinga. Feltet ligg 2 timar med hurtigbåt ute i havet. Kvar generator produserar 5 megawatt, og har ei levetid på 20 år. Etter dette må det meste skiftast ut. Prosjektet er i "miljøbalanse" etter 10 år.
Vi har ein mini rolle i dette, vi monterar varsellys på understell som ventar på ferdigstilling.

Men jobben er glimrande, alt er nytt og reint og vi er berre 4 stk på kvar stad. OG, vi bur på
land:-).
No er fleire dagar utan jobb og då er landlivet å foretrekke.




Entring frå båt.

På veg heim.





Generator under montering.





søndag 13. september 2009

Bilder frå i sommar.


Hermod cranes, originally uploaded by Arve Tvedt.

Ikkje mykje fjelljobbing på meg i sommar. I staden vart det havet. ja-ja.
Her er nokre bilder frå Oljå.

torsdag 23. juli 2009

MCP - 01 / TP 1


P1020067, originally uploaded by Arve Tvedt.

Frigg feltet er under riving og skal fjernast. Her er nokre bilete frå siste jobb.

tysdag 30. juni 2009

Havet og Oljå

Har lagt ut nokre bilder frå livet på havet.


http://www.flickr.com/photos/arvet/

No er det kurs i Stavanger, og ut på Seipem S7000 Laurdag. På land ca 16 Juli, eller ein heilt anna dato...

søndag 26. april 2009

Ned Myrhønna på Ski.


Ned Myrhønna, originally uploaded by Arve Tvedt.

torsdag 26. mars 2009

Xichang

Fra Arve paa tur.



Gjekk d]rleg med turen oppover til Tagong. Vi spurte politiet i Lugu om lov, men vart likevel stoppa 10 km inne i Sichuan av politiet og vart koyrde attende til Lugu i politibil. Detta var toffe typar som sto og barberte seg med batteri-barbermaskin medan tolken snakka med oss. Mildt komisk.
Men vi hadde likevel 2 flotte dagar p[ sykkel. Nesten alle husa vi s[g var tommerhus og det var som [ sykle igjennom endelause setergrender. Idyllisk.

Vi la i veg austover i full fart og er no i Xichang. 200 km og 3000 hogdemeter p[ 2 dagar, PUH...
Xichang er Kinas romfartsby. Har kviledag her og reiser vidare so snart vi kan. Etter det vi hoyrer so er det ikkje alle rakettane som kjem opp i hogare luftlag. Det hender dei ramlar ned i ein tilfeldig landsby. Antallet omkommne skal totalt vere over 1000...
Vi prover [ reise til Kagding/Tagong via ein anna veg som skulle vere open. S] vi f[r sj[ kva det blir til.
Vi er ikkje sikre p[ om Sichuan er opne i det heile. De har sikker hoyrt om div ting som skjer i Kina for tida. Det er berre dei tinga som kjem ut... Det ryktast om meir her og Tibet blir stengt til Juni blir det sagt, og Sichuan som egentleg og er Tibet kanskje like lenge.

laurdag 21. mars 2009

Lugu Lake.

Fra Arve paa tur.



Etter 3 dager med tildels tung sykling er vi ved Lugu Lake. Mange fjellovergangar og djupe dalar. P[ sm[ vegar med lite trafikk. Folk bur i tommerhus so dette er neste litt som Norge.Dette er er utanfor allfarveg s[ det er ganske so fredeleg [ sykling.Syklar no med 3 Belgiarar som eg motte i Laos, og det er trivelg [ sykle med andre og. Vi er no p[ veg opp til "Tagong Grasslands", og reknar med [ vere der om 10 dagar. Kjem litt an p[ vegkvaliteten. Mange stader legg dei brustein av ein eller anna grunn og det g[r ikkje for p[ sykkel p[ slike vegar.

måndag 16. mars 2009

Lijiang

Fra Arve paa tur.



So er eg komen til Turstm[let med stor T her i Yunnan og kanskje Kina. Dette er ein "eldgammal" by i beste Indiana Jones stil. Nesten litt for sott til [ vere sant. Byen vart kraftig oydelagt i eit jorskjelv i 96 so mesteparten vel ganske so nytt. Byen er p[ Unesco si liste sjolvsagt. Turistar i botter og spann sjolv om det er l[gsesong. Suvenirsjapper, hoteller og resturantar dominerar, tvilar p[ det bur folk her i denne delen av byen. Ein stor kopp vanleg kaffi kostar 58 Yuan eller ca 60 kroner... Lurte p[ [ kjope ein fleece jakker her i g[r, men den var betydleg dyrare enn heime; ca 40%
So det er tydeleg att Kinesarane har f[tt pengar [ rutte med. Eg har heller aldri nokon gong sett so mykje SUV eller Landcruisarar nokon sinne. Heilt vanleg bil p[ vegane her og helst svart.

For syklistar so er det store kontrastar. Om dagen er vi ute og syklar i det normale Kina utanfor turiststraumen og kaos. Vi blir ofte rett og slett ignorete. Spor vi om [ f[ ta bilde ser ikkje folk p[ oss ein gong. Vi betalar same pris p[ mat og frukt som dei lokale. Sjolv om vi stikk oss ut so er vi p[ likevel freda. Om kvelden kjem vi ofte inn til slike kontruerte turistmaskiner der vi blir sett p[ som pengemaskiner og potensielle kunder og blir behandla deretter. Kjekt [ vere p[ slike plassar og men dog. Alltid godt [ sitte p[ sykkelsetet etter ein dag p[ ein slik stad.

Og det ser d[rleg ut for all sykling vidare. Sidan Tibet er steng for ukjent tidsrom, planla eg [ sykle nordover gjenomm Sichuan. Men fekk e-post i dag fr[ Belgarane, og dei vart stoppe av PSB p[ denne ruta og sette p[ buss til Shangri La. Dei kjem sorover att saman med andre syklistar som og planla [ sykle denne vegen.

Eg er ikkje sikker p[ kva eg gjer. Tibet skal i teorien opne om 2 veker, men det er bingo om dette verkeleg skjer.

fredag 13. mars 2009

Tibet

Ser ikkje ut til at det blir noko tur til Tibet for meg. Ingen turistar slepp inn i det heile. I tilgrensande omr[der i aust er det likeeins. Dequen er stengt, folk f[r ikkje g[ p[ bussen dit ein gong. Vestelege delen av Sicuan er og stengt. Syklistar der vart sette p[ bussen austover av PSB( Turist politiet)
Ser ut til at Kinesarane vil ha arbeidsro.....
Men reiser likevel nordover i morgon, og reiser kanskje vidare nordover gjennom aust Sicuan.

torsdag 12. mars 2009

Dali

Fra Arve paa tur.



Er etter nokre dagar med hektisk sykling komen til Dali, en gamle hovedstaden i Yunnan.
Det har vore ganske variert sykling opp hit. Alt fr[ vegar som g[r langs bakkekamar og ryggar heile dagen, til neste dag ned langs elva inn og ut av sm[ dalar djupt ned i dalbotnen. Trefte p[ ein grusveg heilt uventa. Visste ikkje kor lenge dette skulle vare eller kor det bar hen. 100km seinare kom eg inn p[ asfalt att. Blir litt sveitt n[r ein ikkje veit kvar ein endar. Eg har kart men det var ikkje av dei mest presise. Klarte [ velte sykkelen opp i ein vassdam d[ eg skulle sporre etter gjestehus(d[rleg parkert av meg) og alt laust gjekk rett i vatnet. Kamera pass, pengar, alt. Alt fullt av grus og vatn..
So det var ikkje mykje til stemmning i teltet den kvelden. Neste kveld p[ eit hotell so sette eg kameraet oppe p[ fjernsynet med lyden av heile natta og det torka opp ein del fuktigheit. Litt gronne bilder fyrste dagen men ser alt ut til [ vere ok :-).
I g[r var eg med Romina og Fraseco p[ utflukt. Koyrde eit par mil til ein fiskar som demostrerte fisking med fugl, "Corrano" er vel navnet. Dette er fiskar som lever av fisk men dei er tamme og har ein st[ltr[d omkring halsen so dei ikkje klarar [ svelge fisken dei fangar. Mange har vel sette dette p[ fjernsyn. Men det var artig [ vere med i b[t og sj[, sjolv om dette var ei skikkeleg turistgreie.
Skal vere her eit par dagar, og so f[r eg sj[ kva det blir med Tibet. Det heilt stengt der etter det folk fortel.

Eller er Jostedalsbloggane umuleg [ opne. Veit ikkje om det er diskusjon om villreinstamma mellom Skj[k og Jostedalen, eller loypenytt som gjer att Kinesiske mydigheiter sperrar desse ;-)

måndag 2. mars 2009

So var det Kina.

Fra Arve paa tur.


Endeleg inne i Kina. Det tok litt tid i passkontrollen. Antonin som eg sykla med over var ferdig p[ 10 min. Eg sat og venta i 1 time og skjona lite. Fekk mistanke om att det ville ha litt ekstra pengar. So eg gjorde mitt beste p[ [ prove [ stirre dei i senk, men det ikkje var noko [ hente her. Etter ei stund byrja eg [ mase p[ ei og br[tt kom det ut ein morsk fyr og starta og forhoyre meg om reiserute og osv. Eg svara so godt eg kunne, og han tok fram passet mitt, og ba om ID-kort. D[ eg fekk sj[ passet sjolv skone eg att dei var litt nervose. Bildet var fr[ 2000, halve ansiktet i skugge, resten med riksloeva over. Gammalt norsk pass er lett [ forfalske). I tillegg har eg no h[rlengde p[ 2mm. So dei var tydeleg i tvil. Men etter nytt forhoyr og masse tvil kom slapp eg inn. So var det gjenom tollen, men vi vart vinka av ei knallsot kinesisk dame, og eg sykla rett ned grensebommen so den hoppa av henglsa. Vi var inne i Kina med eit brak.

Eit nytt land og kultur.Og ja det var ein stor forskjell [ komme inn i Kina. Lanskapet er mykje et same men stemninga var ganske so forskjellig. I Laos alt tilbakelent og ferieaktig. Her alt stramt og tilrettelagt. Vegane g[r rett igjennom landskapet og asfalten glinsar i sola, og alle er i fullt arbeid. Her ikkje noko tilrettelagt eller bygd opp for turisme(enno). Kinesarane har nok med sin eigen kultur og jobb. Vi turistar er ikke lenger midtpunktet som i Laos. Men det betyr at vi kan slappe av og sj[ p[ folkelivet og nesten ingen ensar oss i det heile.
Kinesarane er opptekne av [ ta oss att i alt og ser framover.
Skulle nesten tru at eg er i Japan. Det er freaka klesdrakter og frisyrar overalt, lite som minnar om kommunisme. So eg gledar meg til ] reise vidare inn i landet. No g[r vegen vidare til Dali og fjella. Men det betyr att no har motbakkae byrja for alvor.

måndag 23. februar 2009

Linkar til andre syklistar

Dei fleste som syklar langt har eigne webstader. Her er nokre linkar til folk eg har sykla saman med siste tida.

Frederic, Julien og Coretin
http://bruchiminh.be/

Desse har egsykla med siste dagane:

Romina og Francesco
http://www.cincio.ch/romycincio/


Peter og Gen
http://doitonbike.blogspot.com/

laurdag 21. februar 2009

P[ Mekong og Udomhxay

So var det tide [ reise att. Hadde lyst p[ ein b[ttur p] Mekong og tok sykkelen med med og hoppa ombord p[ ein av elveb[tane som trafikerar elva. Lange rakele b[tar. 30 meter lange og 3 meter breide. Ombord var det eit lett blanding av div turistar som skulle til Thailand, lokale som skulle heimatt etter [ ha vore p[ handel i byen og nokre syklistar. Etter bonn og eit lita offerg[ve til Isuzu motoren so starta vi opp brumma oppover elva. Oppover mellom slake [sar og sm[ landsbyar langs elvebreidda. Vi svinga inn i fjell og svaere Mekong smalna inn til 30-40 meter, Kapteinen navigert p[ kryss og tvers med ofte berre 3-4 meter klaring til steinar og land. Straumen var til tider so sterk at vi nesten stoppa opp. Vi passete fiskarar som padla rund i straumen med bitte sm[ b[ter som om dette var eit lite basseng i hagen.. Sette ut fiskesnore og garn. S[g litt skummelt ut.
Pak Beng i kveldinga, ein transittplass for alle som skal til Thailand eller kjem fr[ Thailand (2 dagars tur. Stemmninga var i taket, og tydlegvis hadde mange av kelnarane p[ kafen der vi [t kvelds tjuvsmaka p[ varene. Byen var ganske vill vest so det var godt [ sykle vidare mot M Xay neste morgon med 2 par, Sveits og Canada. Canadiarane hadde vore vakne heile natta av rotter p[ rommet, og rottene hadde ete hol p[ ei av sykkelveskene. Flott tur oppover, gjennom landsbyar og rismarker. Ein usedvanleg stille del av rolege Laos. Store landsbyar av berre bambus hytter. Men idyllen varte ikkje so lenge for vi kom til rett etter ein bilulukke. Ein Pick-Up hadde velta med 15-20 mann p[ planet... So det var 4 mann som l[g blodete og faele i grofta og ynka seg. 50 stk s[g p[, og vi kunne ikkje Lao. So det vart litt stress, vi s[g litt p[ dei men det virka som om det berre var skrubbs[r.
Eg ba dei vaske s[ra godt og peike p[ ein dunk som stod der. No water, Lao-Lao sa dei. Yes that is very good sa ein av oss turistane. Ein Lao mann skrudde av korken p[ ein dunk med 96% heimebrent og byrja ] skvette [ p[ s[ra til dei som l[g i grofta, og dei gloymde garantert alle andre plager for ein stund. Vi fekk stoppa ein bil som kom forbi og der var det ein tolk og folk som ringte etter lege. Alle skada var stabla p[ lasteplanet p[ ein ny bil og alle andre som m[tte finne p[ [ bli med og dei forsvant. Vi kunne puste letta ut. Ganske so hjelpelaust n[r vi ikkje snakkar spr[ket.
Og vi sykla alle vidare med hjelmen p[.

Ingen bilder no. Kanskje i moron.

tysdag 17. februar 2009

Lang Prabang er heilt OK.

Fra Arve paa tur.


Er enno i L B og slappar godt av. Er nesten redd for [ miste formen som eg har opparbeida i Malaysia og Thailand rett for eg tek til p[ det store fjella. Men det er 4 veker med sykling for det blir retteleg hogt. God mat og kvile gjer sikker godt, og alibiet er att eg litt tidleg ute p[ ruta. Snoen ligg enno p[ dei hoge passa i vest Yunnan og Tibet

Heldt p[ [ organisere ei pakkeforsendelse fr[ Norge til Dali i Kina men det var ikkje so lett som forventa. ja-ja.

F[r sj[ om eg skal vere ordentleg turist i morgon.

Har lasta opp nokre nye bilder. Det g[r so sm[tt att der blir ikkje so mange

tysdag 10. februar 2009

Inn i fjellheimen

Fra Arve paa tur.
Fekk delen til sykkelen p[ Fredag. Willie p[ Top Cycles Zone sette den inn i hjulet p[ Laurdag. Test tur p[ Sondag. M[ndag var det [ byrje ] sykle att.
Arbeislysta var stor og sjolv om eg sykla meg vekk og alle peika meg sjolvsagt attende p[ den mes traffikerte og kjedelegaste so gjorde det ingen ting:-)! Dagen gjekk i ein fart. Landskapet var slik som det pleier i utkanten av ein hovedstad, ganske kjedeleg med masse industri og greier.
Kom til Phon Hong i kveldinga, eit stovete vegkryss med eit hotell. Sakna litt byen n[r eg fekk sj[ kva dei hadde ] tilby. Ei diger celle, som lukta mugg og var fuktig. Heile huset rista n[r lastebilar passerte, noko dei gjorde heile natta. Men overaskande nok so var det ingen kakerlakkar p[ rommet. Hadde venta ein invasjon i lopet av natta. Etter ein flott dag p[ sykkel kom eg inn i Vang Vien. Ligg flott til ved kalk-klipper, idyllisk. Midt i landsbyen ligg ei flystripe fr[ den tid amerikanarane dreiv og bomba av hjertens lyst. Det er ein del sementhus omkring her og. Omr[det aust for her var eit av dei omr[da der med mest kamphandlingar.

V V har eit d[rleg rykte i som byen lever opp til. Byen var full av folk som vasa om kring i badebukse eller bikini barbeint, etter dei hadde ete pizza med eksotisk sopp. Eller helst royka lokal tobakk. Eller so gjekk det i [ flyte ned elva p[ traktorslangar fr[ bar til bar, eller sj[ reprisar av "Friends" p[ barane i byen.

Berre ] kaste eg p[ sykkelen og komme seg vidare. Og det vart betre og betre innover i fjella. Rett nok vart det ein god del tyngre [ sykle men motbakkar er ein ein gong betre enn dette sorgelege slettelandet i Thailand. So eg storkosa meg for det meste.
Lite turisme, berre eit glimt av fyllesjuke turistar med iPod i det dei for forbi i VIP busar. Hadde f]tt eit tips i V T om overnatting og eg fann no dette til slutt opp i fjella. Knottliten plass. 4 bungalows 2 returantar og ein dam med heitt kjeldevatn :-)! So det var [ lempe saken inn p[ rommet og jumpe uti. Godt [ flyte omkring ein droy time etter ein lang dag. Turen vidare neste dag var bratt men med flottutsikt fr[ toppen. Sykla vidare gjennom landsbyar som klamra seg til toppen av det bratte [sane. Svingete og bakkete men likevel hogt over dalbotenen. Siste kvelden for Luang Pabang dukka det opp tilsaman 15 syklistar som kom inn fr[ nord og sor. Motte att 2 Belgiarar som eg hadde mot p[ den Kinesiske Ambassaden, og sykla viare med dei. Alltid kjekt med selskap. Til L B gjekk det greit 30 km med nedoverbakke + litt oppover so ein kan ikkje klage.

L B er verna av UNESCO og er nydeleg, flott og fin og kunne har vore kvar som helst i verden, vel nesten... Alt som er maksimalt tilrettelagt for turistar ser merkeleg likt ut, nesten som bensinstasjonar eller supermarked..

Ellers har eg f[tt Visa til Kina, 2 M[nader og d[ er ting mykje betre.

Skal prove [ laste opp litt fleire bilder etterkvart. Ikkje mykje fart p[ nettet her.

torsdag 5. februar 2009

Enno i Vientienne

Fra Arve paa tur.


No har eg vore neste i 2 veker og sjolv om dette er ein fin og behageleg plass[ vere so er godt rastlaus no. Fekk problem med gir nord i Thailand. Kontakta fabrikken og dei kunne ikkje sei kva det var og heller ikkje om den ville holde 5000km til. So eg sykla til V T for eg hadde ei pakke der med eit olsjeskift som kanskje kunne hjelpe litt. Pakka var forsinka, det hjalp ikkje med olskift, kontaka fabrikken att, det vart ny helg osv... So dette trakk i langdrag. Men litt flaks so blir ting ordna i helga og eg er p[ vegen att for m[ndag.

Har no rusla omkring [ sett p[ dei atraksjonane som er [ sj[ her. Treningsenter for mineskadde, museum, osv. Og mange late dagar med bok. V T er uoffesielt k[ra til verdens mest avslappa hovestaad. Dei lokale har godt tid og ruslar omkring som om dei er litt p[ ferie dei og. Men likevel er det ein optimisme her att ting endrar seg til det betre. Intrykket som eg har og fleire med meg er att fleir snakkar engelsk her enn i Thailand. Betjeningen p[ hotellet der eg bur har engelskboker liggande framme og puggar i ledige stunder. Og spor turister om hjelp hvis dei har eit problem med engelsken.

So ein har det jo godt her. Kuldebolga som herja for nokre veker sida er no vekke og det er atter 30-35 grader midt p[ dagen.

søndag 25. januar 2009

Vientienne - Lao PDR

Fra Arve paa tur.


Ein ting er det ] reise inn i Laos, ein anna ting er [ gjere det p[ sykkel. Ville [ ta b[t over elva men dette gjekk ikkje for 'Farranger' som meg. Nei-nei. Sykla s[ opp til Friendship Brigde 2, men dei ville heller ikkje sleppe meg over, m]tte ta buss eller leige bil over. Kun bilar fek lov [ koyre over den 1,6 km lange brua. Etter ] ha virra omkring inne p[ tollstasjonen so vart eg kalla attende, etter ei stunf fekk eg krysse i saman med ein flokk digre Harley motorsyklar (storre enn bilen til Arno!). Hadde Visa klart men m[tte likevel betale 40 Bhat for 2 stempel i passet...

Etter \ br[tt ha oppdaga at det er hogrkoyring bar det inn i Savannaketh. den nest storste byen i Laos. Var som ein sovnig landsby med l[ge hus og mange gater utan fast dekke. Moderne hus og kolonitid i lett blanding. Ein by [ kvile i ein dag. Overnatta i eit hus bygf av tre for fyrste gong p[ lenge. Ein flott gammal villa i teak. Luftig og flott p[ foremidagen, men ganske lummer p[ ettermidagen. Og dagen gjekk med til [ sykle omkring [ sj[ p[ folkelivet i gatene. Noko som var einaste turistaktiviteten der s[g det ut til. Jau det var eit dinosaur museum der og, men...

Neste dag var det Baguettar p[ hjornecafe med eggerore, salat og chilisaus. Og CoffeLao :-) Eit STOR forbetring i forhold til Thailand. Der [t dei ofte ris og kylling til frukost. Ikkje noko for meg.

Vel so bar det nordover p[ Highway 13, som fekk fast dette i 2001 eller noko slikt. Og dei fleste vegane som gjekk ut til sides var grus/leire eit par med dekke og nokre som passa best for 4WD eller hest. Dette er hovedvegen p[ langs av Laos og det er meir trafikk i Jostedalen ein dag i mai/juni. Kunne ofte sykle [laeine utan bilar ellr mopedar eller hus. Og det var godt!
Framme i Thakek p[ kvelden og ein obligatorisk Laobeer p[ elvebredden.Neste dag opp til eit vegkryss i ingenmannsland. Overnatta p[ ein tvilsomt stad. Kareoke og festt til langt p[ natt. Hektisk aktivitet rundtomkring(forsika meg om att dora var l[st ja.). Trakka viare til Paksang og ei husklynge langs vegen. Og til slutt inn i Vientienne. Lit meir trafikk inn i byen men ikkje mykje. Sykla forbi ein triumfboge? m[tte sj[ to gonger. Jau men i Laostil. Vart ikkje bygd av dei Franske, men relativt nyleg. Sementen skulle eigentleg brukast til ny rullebane..

Skal slappe av og lese nokre dagar. Det er behageleg hengekoye p[ verandaen i Vertshuset der eg bur. KJem til [ tilbringe litt tid der. Skal soke om Visa til Kina, og ventar p[ pakke med telt og anna.

Jepp tid for hengekoye, bok og Laocoffe

søndag 18. januar 2009

Mekong.

So er eg komen til grenselva mellom Thailand og Lao PDR. Det er noko majestetisk med slik store elvar som dette b[de i rein fysiskt storelse og symbol. Gjev ro i sjela, [ sitte p[ elvebredda og tenke. Dette er eit av dei store skilla i turen. Over p[ andre sida Ligg eit anna land fjella byrjar, d[rlegare vegar osv. Det no eventyret byrjar. B[de Maylaysia og Thailand er sopass normaliserte att [ reise er svaert lett.

Kunne ikkje fa[ Visa for meir enn 1 m[nad p[den Kinesiske ambassaden i BKK. Hvis eg villa ha for 2 m[nader m[tte eg ha invitasjon, reiserute, vise fram hotellbestillingat, bla -bla.
Utrykt min misnoye med dette utan det gjorde vidare inntrykk.... Satasar p[ att ting har endra seg til det betre n[r eg kjem til Vientenne.

Turen opp til Mukadhan var flott. Laerte av andre syklistar og tok toget til Ayutthaya, den gamle hovedstaden i Thailand. No ein slags landsby med breie avenyar og ruinar i raud tegelstein stikkande opp overalt. Byen ligg og p[ ei oy i elvedeltaet. Fint [ sykle rund [ kikke p[ ruinane i kveldslyset.

Vidare oppover gjekk det greit [ sykle p[ sm[vegar. Men av og til m[tte eg sporje om vegen. Ein gong kom det fram ei dame fr[ eit skur og forklarte vegen vidare p[ klingande Sveitsertysk. Etter ei lang utgreiing og ein liten pause: 'links und than recths' svara eg utan ] ha skjonna noko saerleg. Eg takka og reiste vidare. Ho s[g litt fortvila ut.

Det er eit kaldare drag i lufta og det er lettare [ sykle og [ trivast. Her ein morgon var det 15 grader d[ eg starta, og m[tte p[ med jakke. Personleg nederlag n[r ein er i Thailand p[ 40 moh. men-men. Om nettene har det vore so kaldt att eg m[tte opp for [ ta p[ klede. P[ TV viser dei bilder av rimfrost p[ skog og gras so det er vel ei kuldebolge.

Har sykla nokre dagar med Brynn og Colin fr[ Canada. Det var godt [ ha andre rundt seg. Ein blir litt mindre p[ t[hev. TD viss ein skal in i ein butikk [ handle eller sj[ p[ eit rom p[ eit hotell so kan noko passe sykkel medan ein sjekkar. N[r ein er [leine kan ein enten l[se og ta med viktige ting inn, eller vere rask. Ingen av delene er noko saerleg.


Reiser inn i Laos i morgon tidleg, og er i Viantenne om 4-5 dagar. Ryktene seier att det er brod [ f[ kjopt der. Og att det vil bli medvind opp langs Mekong. Har hatt motvind ca 1500 km, so medvind jatakk!

Lastar opp bilder n[r eg kjem til Vientenne.

onsdag 7. januar 2009

Bangkok. Del 1 av reisar er over.

Fra Arve paa tur.


So er eg endeleg her i "City of angles" som Bangkok eigentleg heiter. Det rette navnet har 14 ord. So difor Bangkok.

Bur no naer Hau San road og dette er nr 1 n[r det gjeld turistomr[der i Thailand. Faelt p[ mange m[tar mein heilt ok etter nokre dagar. Mange turistar, lys og neon overalt. Pizza, internett, ATM, laundry, hoteller, 7-Eleven. Alt er her.
So viss ein held ut med sirkuset so er det greit. For kaffien er god, maten likes[ osv. Litt som [ ha ein termostat. Stress og initiativ ligg p[ ein passe l[gt niv[ n[r ein er tilvent.
I dag har eg berre tufla omkring og ete godt mat medan eg ventar p[ Visa til Laos. Og provar [ finne ut korleis eg skal f[ eit brukande Visa til Kina. F[r berre 1 m[nad her i Bangkok for tida...

Turen opp fr[ Cumpong gjekk greit. Motte ein del rare folk. Litt overraska over [ finne ein hotellvert med 12 [rs fartstid i SAS Catering p[ ein av dei minste stadane eg har besokt. Eller ein Amerikanar som var gift med ei thaidame og budde inne i jungelen. Kjente godt til "The Norsemen" fr[ oppveksten i Wisconsin. Sjolv var han 1/4 finsk same og finne + noko tysk som han sa. Snakka i veg om ei av sine flottaste togreiser: Oslo-Bergen -Oslo ( p[ 60/70 talet tippar eg). Var invitert til [ overnatte hos denne familien, men eg var i farten og trakka vidare.
Vidare oppover so vart det meir og meir pakke-turistar , og eigarar av leilegheiter. Langs motorvegen var det skilt p[ Norsk og Svensk som lokka med hus og heim i Thailand. Sykla nedom ein slik plass for [ over natte men det var ikkje hoteller som var i drift! So det var berre [ snu sykkelen og sykle 4 km opp til motorvegen att.
I Hua hin byrja det [ tjukne til med skandinavar og det kjendest ut som ] vere p[ Karl Johan til tider. Og eit godt fesj[ var det og. Handlegater og store hyttebyar med vakter utanfor og hoge gjerder. Hoteller p[ 20-30 etasjar.
Kjedeleg dag opp til Cham Am. Vel skulle egentleg lenger men orka ikkje [ sykle lenger p[ motorveg meg tung trafikk p[ eine sida, sinte bikkjer p[ andre og sola steikande i nakken. Ein kjapp sving ned til stranda og avslapping.
Neste dag tog inn til Bangkok. Meir behageleg og absolutt mindre risikablet. Men ein togtur p[ 3 timar vart til 6, og eg kom fram i morkret att.

No er fyrste del av turen gjort. ca 2200km. Og eg gledar meg meir til resten. Kaldare klima, fjell og sno er meir min stil. Vart aldri heilt komfortabel med [ sykle i 35 grader og sterk sol.

torsdag 1. januar 2009

Ich bin ein Froskemann.

Det ruslar og g[r oppover langs kysten i Thailand. Satt [ tenke her ein dag p[ sykkeln at eg ikkje hadde bada enno, noko som eg veit eg burde. Det er vel velkjent at eg har eit lett fobisk forhold til vatn. Vel noko m[tte gjerast s[ eg tok ein b[t til Koh Tao og melde meg p[ dykkarkurs. D] fekk eg sjekke ut mitt fobiske forhold til vatn og mine fordommar mot strandlivet. 2 fluger i en smekk. Ein skal jo jamnleg naere begge. Kom fram etter ein uroleg b[ttur og meldte meg p[ fyrste og beste kurs nede ved kaien. Rett inn med sekken og ein hard dag med teori, ein halv til og so ut i badebassenget med fullt utstyr. Div ovingar ta av maske osv. Toft nok for meg sjolv om vi berre var nede p[ 2 meter. Men vi var ned 35 min! Passe sprot n[r 12 personar kjem i fullt dykkarutstyr, g]r slalom mellom solsenger og jumpar ut i eit knottlite basseng og blir vekke i 35 min... Neste dag meir teori og skrifteleg eksamen, symjetest ute p[ havet... Eg hadde ikkje sumd ein metere sidan 2002 d] eg var i bassenget p[ Jorekstad so eg var litt nervos. men det gjekk. Vi var 2 gonger nede p[ 9 meter. Litt uvant for [ sei det pent. Siste dagen var vi 2 gonger p[ 14m. Her var det meir fisk og formasjonar, og eg storkoste meg mellom tillopa til panikk. Ikkje lette [ symje under vatn, vanskeleg [ halde meg p[ rett hogd i vatnet. Ein styrer kor djupt ein g[r mykje med rett pusteteknikk. P[ motsett m[te av korleis ein pustar n[r ein g[r p[ ski eller i fjellet. Kjent meg like elegant i vatnet som ein slipestein. Men diplom fekk sjolv om det sikkert var under sterk tvil.

Er komen p[ land att og legg i veg til Bangkok i morgon.

Ellers har det vor ein flott tur opp langs kysten. Klarte [ kmme inn p[ ein del sm[vegar og koste meg godt. Motte ein mann midt i jungelen som selde skulebollar og smoltringar m/sjokolade overtrekk og mykje anna godt. S] det vart sot frukost p[ meg og ein liten hunde-kvlep der og d[.



Fra Arve paa tur.