tysdag 22. juni 2010

Kina, Xinjiang Turfan, 高昌中路294号

BEGIN:VCARD
VERSION:3.0
N:;;;;
item1.ADR;type=HOME;type=pref:;;高昌中路 294号;Turfan;Xinjiang;;Kina
item1.X-ABADR:cn
item2.URL;type=pref:http\://maps.google.com/maps?f=q&q=42.948708\,89.180008%20%28Kina\,%20Xinjiang%20Turfan\,%20%E9%AB%98%E6%98%8C%E4%B8%AD%E8%B7%AF294%E5%8F%B7%29
item2.X-ABLabel:kart-url

END:VCARD

Har vore her nokre dagar og fer vidare i morgon. Til Kashgar hvis kranklageret  held.  

Xining - Golmud

Lenge sidan eg har oppdatert blogg, men er ein smule lat for tida på
denne fronten. Har vore ein god del sykling med lange dagar så
friperiodane har gått med til å sjå på fjernsyn og ete søtsaker.
Men eg skal prøve å oppsummere dei viktigaste inntrykka sidan sist
oppdatering.

Kortversjon.

Xining var ein pussig by i øydemarka med skyline som ein stor havneby.
Mengder med bustadblokker på 15-20 etasjar og meir skal det bli. På
veg ut av byen var det lange køar med digre lastebilar godt lasta med
støypesand. Og det var store gruslager rundt omkring, tydeleg att her
skal ting skje. Sykla vidare frå Xining med Jo og Mike frå NZ.
Trivelege med selskap. Dei budde i telt for det meste so det vart
teltliv på meg og. Fyrste natt ved motorvegen i pøsregn og ein primus
med tett dyse.Hurra.
Vi sykla G215 mot Golmud som blir ein omveg når vi skal til Urumqi.
Men Kina held på med prøvesprengingar midt i landet så vi må
utanom. Ellers blir det fort buss attende til Xining.....
Vel neste dag sykla vi over eit lite fjell, og eit skilt opplyste att
vi var på det Tibetanske platået. Litt kjekt å ha vore her og? Aude
og forblåst var det og byane vi sykla igjennom hadde ei hovedgate med
fasadar og mindre ryddig bakside. Folk til hest som kom bort til oss
for å spørre kvar vi kom frå og kvar vi skulle. Varierade
påkledning av tradisjonell og div moderne men alltid med " pub til
pub" sko. Til hest og utan sadel og total kontroll. Med eit
sjølvbilde som overgår alt anna eg har sett ;-)! Ein fyr på moped
fekk lov å dilte 20-30 meter bak då dei for vidare.
Vi telta ved innsjø eller innlandshav, Qinghai Lake. Såg ikkje andre
sida så det var større en breavatnet. Gjess og kanskje Flamingoar i
vassskanten(Litt usikker på Flamingoane men vi bestemte att det var
det, i demokratiets ånd, sidan vi var i Kina). Og det var og kanskje
beste teltplassen i Kina.
Sidan vart det mindre vatn og meir grus og horisont. Ørkenlandskap.
Byar langt ut i grusmarka der vi vart oppsøkte av alle som kunne meir
enn 3 ord engelsk for å praktisere. Greit at folk får lært og
praktisert Engelsk. Eg lærte att eddik og vasskaggar er nesten heilt
like. Fyllte drikkeflaskene med 5 liter fin mateddik...
Og att det kan regne og vere iskald i ørkenen. Rart å sykle mellom
kaktus og lett sand som har blåst inn i vegen, med lue og vottar og 4
lag tøy på kroppen i vind og regn.

Lange strekningar på 2-3 mil utan ein sving. Ein og anna moderne oase
for digre lastebilar. Mat, diesel, dekk og damer var primærnæringane
såg det ut til.
Bilane er store her og dei er mange. Svære mengder med gods som blir
flytta i døgnet på Kinesiske vegar. Dette er og ein av hovedvegane
inn i Tibet og vidare til Kashgar. Avstandane er lange og farten høg
og hensynet til oss syklistar er mindre enn på dårlegare vegar. Blir
utsett for ein del idiotar kvar dag. Skal presse oss i grøfta ved
forbikøyring sjølv om det er 5 km til neste sving eller bil. SUV og
sedan er værst. Nyrike Kinesarar.
Lange kjedelege dagar med kraftig motvind. Byttar på å sykle fyrst å
brøyte luft. Men snittet ligg på 8-9 km/t. Til slutt kjem vi til
Golmud i ein sandstorm ispedd ei regnbyge eller fire. Og ja, det
knasar mellom tennene i ein sandstorm.

Golmund innfallssport til Tibet, og det er bestemt att vi "rundauger"
berre kan bu på visse hoteller, slik att dei veit kvar dei har oss.
Dette er dyre og prippne greier. Standarden er ganske like på det
fleste stader, det er kor stor resepsjonen som bestemmer prisnivået.
Og som sagt kor prippne dei er. Vaska kjedet i bensin på rommet og
brått var det fullt med sniffande sikkerheitsvakter overalt med
walkietalkie, og brennstofflaska mi vart konfiskert. Berre bråk med
slike hotell.

Eller var det ein triveleg by. Gater med tre som gav skugge og
vatningskanalar/fontener mellom gate og fortau. Sakte tempo på alt i
byen.
Dei sprøyta tre og kanalar heilte tida med noko som liknande på ei
snøkanon. Var vel gift av noko slag. Dobbeldekkar fly strauk ofte
lågt lågt over hustaka og spydde ut eksos og gift. Såg livsfårleg
ut men slik er det her. Har ein bestemt for å sprøyte for mygg får
det heller våge seg om dei kræsjar og utryddar ein bydel eller to.
God stil heromkring.
Late 2 dager før vi syklar vidare.