fredag 14. september 2007

Srinagar - Garhwal

So er eg paa sykkel att. Har ikkje sykla paa 14 dager so det er godt a vere pa tur att. Har sykla inn fraa Rishikesh og skal heilt opp til Kedarnath, oppe om ein 5-6 dagar. Dette er ein av dei store pilgrimsamaala/turiststadane i India og som utlendingar er vi heilt klart i mindretal.
Hittil har det vore slik passe aa sykle....Svaert heitt og med masse trafikk. Lang dag i gaar i steikande sol, so det verker baade i bein og vilje i dag :-) Har att 8 km i dag viss eg orkar , Srikot heiter det vel.

Etter Srinagar - Kashmir vart det nokre dagar i Delhi som var ganske faelt pa denne tida av aaret. Da eg kom ut av flyet var det som aa sta i ein badestove med 4 haarfonarar rett i fjeset.
Ellers har eg vor pa biltur til Gangotri med Ram( Som eg kjenner fraa for, fraa Rishikesh). Smale vegar og flott natur gjore det til ein opplevelse. Gangotri var ein bitteliten plass mellom hoge fjell. I botnen var dalen berre eit lite steinkast breid. Pa veg himatt skulle berre ram ta ein liten svipptur bortom eit fint gammalt tempel som han viste om. sa ikkje noko om att det vart 180 km ekstra pa darlege vegar.... so det vart ein lang tur heim. Og tempelet var flott.

Gaarsdagens hogdepunkt: Poteter til midag:-)

Srinagar - Garhwal