måndag 12. juli 2010

Kashgar


Så er eg komen til Kashgar som var målet/ delmålet med denne turen. Det har vore ørkensykling i særklasse utan tvil. Varme dagar, monotont landskap og stor trafikk. Og fine stunder. Folk ein møter langs vegen, og mange som stoppar og gjev meg ei vannflaske eller 4. Kanske Redbull og sjokolade. Telefonnummer i tillfelle eg kjem i trøbbel og ingen snakkar engelsk. Berre å ringe dei så skal dei oversette. Skriv kinesisk- engelske fraser i notisboka mi. Slik at eg skal kunne kommunisere med folk. Eit Uigur par på moped stoppar og vi et lunsj der på kvitestripa medan lastebilane uler forbi på ein dryg meters avstand. Dei stiller med melonar og aprikoser, eg med ferskt brød og mineralvatn. Ingen skjønar eit ord av kvarandre men med hjelp av kart får eg vite kvar dei bur, og dei kvar eg kjem i frå og kvar eg skal. Folk tykkjer vel litt synd på ein fyr på sykkel midt ute i ingenting.

Aksu hadde eg ein kvile dag. Og det var 1 år sidan urolegheitene i Urumqui(noko eg fekk vite etter på). Sto inne på hotellrommet og det byrja brått å ule i sirener. Det byrja med politibilar, så kom antiterror politi, militære, sjukebilar, bombe team, stridsvogner, brannbilar osv. Kort sagt alt som ein regjering kan bruke til ein maktdemonstrasjon. Sto ei stund å såg på ei stund men gjekk inn att og såg på TV. Måtte skru opp lyden sjølv om eg budde i 7. etasje. Attende til vindauget etter nokre minuttar og såg ut, og oppbudet held på med uforminska styrke. Var jo litt skremmande. Dette oppbudet virka jo større enn det samla norske forsvar våren 40. Dagen etterpå fekke eg vite årsaken og att det var ingen grunn til bekymring. Ja-ja.

I Atux fekk eg besøk av dei blåkledde. Kom høfleg inn på hotellrommet og sjekka visum og fortalde meg att eg berre hadde turistvisum og kunne ikkje drive med "editorial work".... Tok seg tid til å sjå alle 700 bileta i kameraet mitt. Når dei sto i døra for gå forklarte dei att alt dette var for mi sikkerheit. Eg fortalte dei att då burde dei gjere noko med alle skrullingane som køyrde omkring vegane. Dei foretok ei grundig studering av eigen skopuss, før dei sa godnatt og forsvant.

Har vore her i byn no i 5-6 dagar( har mista tellinga). Ete meg opp på Pizza og sjokolade. Silkevegby nr 1. God stemmning her og det er ingenting som minnar om Kina. Dette er Sentralasia. Gamle byen består av 2 etasje bygningar i lys tegel med kroker gater og eit yrande gateliv. Men det er berre små lommar att. Austkinesarane har rive ned det meste og bygdt 20. etasje høghus i staden for med vulgær, grell Kinesisk arkitektur i Legostil. Overgrep.
Men restane er blitt turistattraksjon og no kostar det pengar å gå inn i gamlebyen. Og når ein kan tene pengar på noko, då er det greit. Dette er eit verdisyn som er til å grine av, alt skal målast i pengar.

Var på den berømte marknaden her i dag, gemyttleg og stille. Men mykje folk og triveleg.

Syklar vidare til Pakistan. Har ikkje Visa men det går stort sett bra. Ein må ta buss 20 mil over grensa, grunna gutta med lang skjegg og AK47 i Pakistan. Dette er ingenmannsland og grensepost på kvar side. Lurar og på kor mykje sykling det blir. Etter det eg forstår kan det bli transport både med buss, miltær lastebil eller følgbil.
Men det går greit. Mange kryssar her på sykkel kvar veke. Men no byrjar motbakkane.









søndag 4. juli 2010

Kina, Xinjiang阿克苏地区Aksu, 东大街19号

BEGIN:VCARD
VERSION:3.0
N:;;;;
item1.ADR;type=HOME;type=pref:;;东大街 19号;阿å…&lsqauo;è&lsqauo;åœ°åŒº;Xinjiang;;Kina
item1.X-ABADR:cn
item2.URL;type=pref:http\://maps.google.com/maps?f=q&q=41.172581\,80.269676%20%28Kina\,%20Xinjiang%E9%98%BF%E5%85%8B%E8%8B%8F%E5%9C%B0%E5%8C%BAAksu\,%20%E4%B8%9C%E5%A4%A7%E8%A1%9719%E5%8F%B7%29
item2.X-ABLabel:kart-url

END:VCARD


Det er mykje sand i Kina

Lenge sidan eg har blogga no men får gje ei lita oppsummering i kort-
kort versjon. Det har vore mykje meir ørken enn eg var klar over på
førehand. Det har vore lange dagar med mykje motvind, varme og støv.
Eine dagen lik den andre. Vel ikkje heilt, Golmud - Dunhuan var
høgfjellsørken der eg sykla på ca. 3200 moh. Kanskje den finaste
delen av turen so langt. Ganske lite eller mykje her oppe, alt etter
korleis ein ser det:-) Grus-sletter omkransa av majestetiske kvite
fjell. Trivdest! Men langt mellom stader for å fylle vatn. Og
sjølvsagt var det vegarbeid her og! Sikkert 70 mil med vegarbeid. Men
det er god plass her så dei bygger berre ein ny veg ved sida av. Og
grus er det nok av.... Men litt pussig lell. Det var berre ein bil
kvar 10-15 min men lell skal det bli 4 felts. Noko som er ganske
typisk for all vegbygging her. Rustar opp for framtida og held
økonomien i gong.
Vart og liggande verfast i ein sandstorm her opp. Byrja å blåse opp
og sikta var nede i 30 m. Klatre ikkje å sykle mot vinden og
semitrailerane poppa ut av stormen i 60 -70 kmt, av og til på rett
side av vegen. Så valget var lett. Få opp teltet i fart, noko som
tok 20 min..... Campa i ei røyr under vegen. Godt å få ly for
vinden og pusse av seg sand. Som var overalt. Det vart 16 timar i
Blafreberg teltet. Opp neste dag og sykla 12 timar og 60 km. Det var
motvind.
Men likevel u så var det det med eit vedmod eg trilla ned mot Dunhuang
var litt for brått nede i sand og varme. Byen er ein berømt
silkevegby. No er det sandyner store som fjell og holer i fjellet
med buddistiske målerier som er grunnen til att folk kjem hit. UNESCO
osv..
Sykla nord og vest mot Turpan. Monotont. Sykla forbi rekker med gamle
fyrtårn som viste veg for karavanane på gamle silkevegn. Såg mange
slike langs vegen. Ved forferdelege, støvete, bråkete, skittne
"Truckstops" står det enno litt att av vakttårna frå dei dagar det
var kamelar og ikkje Foton eller Howas lastebiler som ferdast her.
Nokre kviledagar i Hami for å bli kvitt noko bihule greier. Kva veit
vel eg kva det var. Vidare mot Turpan. Monotont ørkenlandskap. Sykkle
10-12 mil finne hotell. Bære alt inn, dusj, ete, sove, stå opp, ete,
sykle. Alt på nytt neste dag. Igjennom ein oase eller 4 som ligg på
rekke og blir kunstig vatna via kanalar frå fjella. I gamle dagar laga
dei heller tunellar frå fjella "Karez". Når vatnet renn i tunellar er
det mindre fordampning enn i opne kanalar. Tunellane kunne bli fleire
mil lange.
Rett før Turpan gjekk temperaturen opp til 45 og vegen godt under
havsnivå. Som å sykle med 70 hårfønarar rett i fjeset. Latterleg
heitt. Fekk flott hårsveis men det var godt å kome seg opp att i
høgda. Turpan var som dei fleste byar her heilt ok. Hyggeleg folk
nokre turistattraksjonar og berømte for druer og rosiner. Kanske det
beste med slike oasebyar er å sykle dei små vegane å sjå
dagleglivet. Midt i golde ørkenen og varmen har folk levd og laga det
leveleg med vatning og planting av tre. Og alt dette gjer att
luftfuktigheita er ganske høg her inne i alt det grønne. Som å vere"
inne eller ute" Kan komme syklande og kjenne seg tørr som ein julekake
i mai, inn i ein oase og t skjorta klistar seg til kroppen og svetten
renn. Ut på andre sida og tørr på eit blunk.

Er no i Aksu langt vest i Kina. Ordet Aksu er Tyrkisk og betyr kvitt
vatn eller kanskje elvestryk på Norsk? Dette er nok ein gamal oaseby.
No i dag nok ein heilt ok by med merkevare og fastfood kjeder og andre
tegn på sivilisasjon.
Folka som bur her i vest har eigentleg lite å gjere med Kina. Dei har
eit heilt anna språk og kultur. Med folkegrupper egentleg stammar
frå Tyrkia. Områder er og påvirka av Persia, Mongolia, alt av
Sentral Asia, Tibet osv. Dette området vart globalisert ein del år
før nokon fekk ideen om globalisering..

Men dette er Kina. Oljen som blir pumpa opp her dekkar 30% av
forbruket. Vidare grensar Xinjang opp mot land i vest som og har olje
i mengder.

I morgon syklar eg mot Kashgar som er den mest berømte Silkevegbyen.
Vel 40 mil og 4-5 dagar. Så får eg sjå kva eg finn på.

Fort & gale frå iPhone

Arve

*******************


Ulykker skjer når vi minst ventar det. Kondolerer med vener og familie
og alle som mista ein god kollega.