onsdag 19. mai 2010

Att og fram.





2. kviledag her i by'n og no er det på tide å få lag nokre kilometer bak meg. Men godt med roleg start...

Berre eit par dagar på sykkel sidan sist oppdatering, ikkje so mykje har skjedd. Men eg har kryssa "Den Gule flod", som eigentleg var grønn som ein breelv, og var heller ikkje store elva. Virka meir som ein oppdemt liten innsjø. Eg forlet og det Buddistiske og Tibetanarane.Sykla inn i ein Muslimsk del med Moskear rundt omkring, menn med kvit blonde hatt og damene med eit symbolsk slør/sjal. Ansiktstrekka var frå alle hjørner av Kina. Desse er etterkommarar av ekteskap mellom Arabiske handelsmenn og Kinesarar i eldre tider og blitt ei eige folkegruppe, Hui. Dei praktiserar islam og kan ofte lese og skrive Arabisk.
Litt lenger aust for der eg sykla er det eit Tyrkisk folkeslag, som snakkar ein gammal Tyrkisk dialekt. Eg veit ikkje om eg passerte dette området men eg såg fleire karar med bart som berre mangla skinnjakken.

Og til mi store overrasking så møtte eg fyrste nordmannen som sykla verden rundt, Jan Terje Voilaas. Han driv ein hjelpeorganisasjon her i Kina. Etablert her nede og driv godt. Og han tek sikkert i mot ein donasjon!
http://childrenofshambala.org/

Er litt spent på korleis det ser ut framover no med mat, vatn og husrom. Til lenger vest ein kjem i Kina til mindre folk blir det og meir ørken og villmark. Snakka med 2 sveitsarar på tandem og og dei fortalde att det kunne vere langt mellom byane. Ben fortalde att det kunne vere noko karrigt og grimmt. Det berre å sykle sjølv å sjå korleis det blir.

********

Så er eg attende Xining.

1 dag nordover i plaskeregn. Ikkje noko speielt å sjå. Byrja å bli kald mot slutten og sludda. Visste det var att ei dryg mil so det var å gje gass og late som ingenting. Å fryse er ein mental ting er det mange som meinar.... Kom fram til Tunan i bra form trudde eg, men då eg skulle ta av hjelmen so hadde eg så kalde hender att eg klarte ikkje å opne spenna under haka... Utan kraft. So eg vart skyssa inn på bakrommet i ein liten buttikk av ein gråhåra dame og plassert framføre omnen med eit tekrus i eine handa og sukkra brød i den andre. Eg drakk og åt etter beste evne, med det rulla klassisk kinesisk song på fjernsynet i hjørnet.

Eg takka for meg og rusla over til gjestehuset som var fullt. Vertinna viste dette med å rive opp døra til alle rom utan å banke på. Jau det var folk på alle rom....
Nokre andre gjester fekk overtalt vertinna så eg fekk ligge på eit slags fellesrom. Fekk endeleg av meg hjelmen. På med ulltrøye og dunjakke. Bytte til tørt og under eit stoppedekke med varmelaken på fullt.
Rusla til slutt over til ein kafe og fekk meg ei nudelsuppe til kvelds.

Dagen etterpå var det 18 km og 900 m til toppen. Dette gjekk greit og eg sykla dei siste 200 hm med 20cm snødekke ved sida av vegen. Flott og varmt! Tunnel og ut på andre sida og inn i evetyrland! Snøkledde høge fjell på alle sider. Og eit digert sletteland med landsbyar og vegar på, som å sykle inn i ein film. Vel 2 mil med nedoverbakke frista og eg var nede i Qingshizui tidleg på ettermidagen. Sykla vidare men snudde og tenke her vil eg overnatte.
Sykla dit alle peika då eg spurte etter hotell og enda opp på eit merkeleg stad. Då eg skulle til å sjekke inn kom ei politifyr og såg på passet mitt. Mykje fomling med pass og ringing på mobil. Fekk att passet etter 20 min med gransking av dette og dei spurte kva land eg kom frå.
Etter att dei på ganske høg og tydeleg kinesisk ikkje fekk kontakt med meg så vart det henta tolk. Eg fortalte att eg var turist og kvar eg skulle. Ho fortalde att eg måtte ha permit/løyve for å ferdast her. Og att eg var på hotellet til Politiet..... Så eg måtte bu ein anna stad. Greit sa eg. Kontra; nei eg måtte reise vidare med ein gong. Ok sa eg og la i veg. Så kom politigutta etter i bil og tok passet mitt og forsvant. Så det var berre å vente i vegkrysset til dei dukka opp att. Fekk att passet og fekk beskjed om å returnere til Xining, no! Dei var blitt komisk myndige på dei 15 min dei var vekke. Og det var berre å sette seg på sykkelen og sykle ut av byen medan ein diger politi SUV følgde 15 m bak meg til bygrensa. DÅ kjendest det som om eg var i ein film.

Fekk haik med fyrste bil attende hit til Xining.
Har ordna litt på sykkelen og slappa av eit par dagar. Lurte på å ta buss forbi, men vil heller sykle rundt. Så i morgon tidleg syklar eg vidare vestover mot den sørlege Silkevegen. Tek ei veke lenger men pytt. Vegen er målet.

Og i går kveld møtte eg 2 norske turistar, noko eg sjelden gjer. Men ikkje nok med det men familien hadde hytte i Luster og dei bruka å feriere der. Og i haust hadde dei gått på Nigardsbreen,verden er ikkje so stor.

Helsing
Arve

Ps: blogga frå iPhone, beklagar hvis det er lite med avsnitt.



Location:夏都大街,Xining,Kina

6 kommentarer:

  1. Hanoi! Håper du har det bra!! Eg skal lese meg litt opp på bloggen din etterkvart! God tur vidare!!

    SvarSlett
  2. Gratulere med dagen, den 9!

    SvarSlett
  3. gratulere med dagen din!! måtte den bli god!

    SvarSlett
  4. Arve,

    Happy birthday for yesterday!! It was great riding with you, we're of into the desert today so hot the heat goes ok!!

    Our website is www.keenaskiwis.co.nz and my email is mikexbarnes@gmail.com.

    Would be good to keep intouch!!

    Good luck with the ride.
    See Ya

    SvarSlett
  5. Tusen takk og Thanks for greetings.

    Caves was great but mountains better still... Not sure if i will like the dessert.

    SvarSlett
  6. No har eg lese bloggen og sett alle bilda dine. Utrulig interessant..

    Skulle ønske du førte logg i tillegg kvar dag, for har utrulig lyst til å få lese om alt du opplever seinare.

    SvarSlett