måndag 12. juli 2010

Kashgar


Så er eg komen til Kashgar som var målet/ delmålet med denne turen. Det har vore ørkensykling i særklasse utan tvil. Varme dagar, monotont landskap og stor trafikk. Og fine stunder. Folk ein møter langs vegen, og mange som stoppar og gjev meg ei vannflaske eller 4. Kanske Redbull og sjokolade. Telefonnummer i tillfelle eg kjem i trøbbel og ingen snakkar engelsk. Berre å ringe dei så skal dei oversette. Skriv kinesisk- engelske fraser i notisboka mi. Slik at eg skal kunne kommunisere med folk. Eit Uigur par på moped stoppar og vi et lunsj der på kvitestripa medan lastebilane uler forbi på ein dryg meters avstand. Dei stiller med melonar og aprikoser, eg med ferskt brød og mineralvatn. Ingen skjønar eit ord av kvarandre men med hjelp av kart får eg vite kvar dei bur, og dei kvar eg kjem i frå og kvar eg skal. Folk tykkjer vel litt synd på ein fyr på sykkel midt ute i ingenting.

Aksu hadde eg ein kvile dag. Og det var 1 år sidan urolegheitene i Urumqui(noko eg fekk vite etter på). Sto inne på hotellrommet og det byrja brått å ule i sirener. Det byrja med politibilar, så kom antiterror politi, militære, sjukebilar, bombe team, stridsvogner, brannbilar osv. Kort sagt alt som ein regjering kan bruke til ein maktdemonstrasjon. Sto ei stund å såg på ei stund men gjekk inn att og såg på TV. Måtte skru opp lyden sjølv om eg budde i 7. etasje. Attende til vindauget etter nokre minuttar og såg ut, og oppbudet held på med uforminska styrke. Var jo litt skremmande. Dette oppbudet virka jo større enn det samla norske forsvar våren 40. Dagen etterpå fekke eg vite årsaken og att det var ingen grunn til bekymring. Ja-ja.

I Atux fekk eg besøk av dei blåkledde. Kom høfleg inn på hotellrommet og sjekka visum og fortalde meg att eg berre hadde turistvisum og kunne ikkje drive med "editorial work".... Tok seg tid til å sjå alle 700 bileta i kameraet mitt. Når dei sto i døra for gå forklarte dei att alt dette var for mi sikkerheit. Eg fortalte dei att då burde dei gjere noko med alle skrullingane som køyrde omkring vegane. Dei foretok ei grundig studering av eigen skopuss, før dei sa godnatt og forsvant.

Har vore her i byn no i 5-6 dagar( har mista tellinga). Ete meg opp på Pizza og sjokolade. Silkevegby nr 1. God stemmning her og det er ingenting som minnar om Kina. Dette er Sentralasia. Gamle byen består av 2 etasje bygningar i lys tegel med kroker gater og eit yrande gateliv. Men det er berre små lommar att. Austkinesarane har rive ned det meste og bygdt 20. etasje høghus i staden for med vulgær, grell Kinesisk arkitektur i Legostil. Overgrep.
Men restane er blitt turistattraksjon og no kostar det pengar å gå inn i gamlebyen. Og når ein kan tene pengar på noko, då er det greit. Dette er eit verdisyn som er til å grine av, alt skal målast i pengar.

Var på den berømte marknaden her i dag, gemyttleg og stille. Men mykje folk og triveleg.

Syklar vidare til Pakistan. Har ikkje Visa men det går stort sett bra. Ein må ta buss 20 mil over grensa, grunna gutta med lang skjegg og AK47 i Pakistan. Dette er ingenmannsland og grensepost på kvar side. Lurar og på kor mykje sykling det blir. Etter det eg forstår kan det bli transport både med buss, miltær lastebil eller følgbil.
Men det går greit. Mange kryssar her på sykkel kvar veke. Men no byrjar motbakkane.









1 kommentar:

  1. Oi, så spennende!
    Denne må jeg sette meg bedre inn i, når jeg har bedre tid.

    SvarSlett