torsdag 29. april 2010

Chengdu - Kina

Lurar fælt på korleis eg skal starte å skrive på dette men no er eg
i gong.
Godt å vere attende det er ikkje mykje som har endra seg på eig år
sjølv om alt går rivande fort her i landet.

Harfått alle tinga mine, hadde kun handbagasje då eg kom hit.
Sykkelen reiste via Hong Kong og eg via Peking. Helsinki som rota det
til. Ut på flyplassen i dag og i lett jogg med skjema gjekk det på
ein halvtime, + køyring(huffoghuff)
Men dagen starta med eit besøk i Panda Parken. Var der i fjor og
måtte attende i år! Rare krabatar som åt kjøtt for lenge sidan,
men gjekk over til næringsfattig plantekost. Dei må ete opptil 40 kg
bambus i døgnet. Kan vel seiast dei har eit fiberrikt kosthald. Og
det er triveleg å traske rundt med dei Kinesiske turistane, som er i
stort fleirtall.

Sykkelen er montert og justert, har handla kjeks og vatn.
i morgon legg eg i veg på den fyrste etappen på 8-9 mil. Jess...
Så kvelden blir feira med pizza og Tsingtao.

Blogger, Facebook og Twitter er stengt av staten Kina. Får sjå om
får eg laste opp nokre bilder seinare.

Ps: dette blogga via mobil.

2 kommentarer:

  1. Heia Arve!

    Godt å se at du er på ferd ute i verda.
    Ønsker deg en riktig god tur.

    Hils alle kinesarane fra meg.

    Mr Dinger

    SvarSlett
  2. Ho, er det der du er- Kina løll. god tur

    bb

    SvarSlett